VerktøyPå andre språk
|
Rio de JaneiroRio de Janeiro er både namnet på ein delstat søraust i Brasil og namnet på hovudstaden i same delstat. Namnet tyder "Januarfloden") på portugisisk. Byen var hovudstaden i Brasil mellom 1763 og 1960 og hovudstaden i heile det portugisiske imperiet mellom 1808 og 1821. Byen vert som regel berre kalla Rio, og har i tillegg kallenamnet A Cidade Maravilhosa - "Den vidunderlege byen". Byen er kjend verda rundt på grunn av fleire unike særtrekk: ein spektakulær beliggenheit, den årlege karnevalsfeiringa, samba og andre musikkformer, kjende strender som Copacabana, Ipanema og Leblon, og fortauer dekorert med svarte og kvite bølgjer. Dei mest kjende landemerka i tillegg til strendene er kristusstatuen Cristo Redentor på Corcovado-fjellet, Sukkertoppen, karnevalsbygget Sambodromen, og Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største. Rio har óg den største skogen i verda som ligg innanfor bygrenser, nemleg Floresta da Tijuca, eller Tijuca-skogen. Rio de Janeiro ligg på 22 grader, 54 minutt sør breiddegrad, 43 grader 14 minutt vest lengdegrad (Mal:Koor dm). Befolkninga er på om lag 6.094.183[1] (2005 IBGE-estimat), og har eit areal på 1182.3 km² [2]. Om ein inkluderer drabantbyane, er befolkninga på lag 11 til 12 millionar. Rio er den nest største byen i Brasil etter São Paulo, og var hovudstad i Brasil fram til 1960, då Brasília vart gjort om til hovudstad. Personar frå Rio vert kalla cariocas.
[endre] Historie
Rio de Janeiro's waterfront and the Morro de Castello, from the Ilha das Cobras in 1919, by Harriet Chalmers Adams.
Den 20. januar 1502 kom den portugisiske oppdagaren Gaspar de Lemos til Guanabara-bukta, kor han grunnla byen Rio de Janeiro, som tyder "januarfloden" på portugisisk. Det er ei kjend misoppfatning at byen fekk namnet på grunn av at sjømennene trudde bukta var eit elveutløp, men det er svært lite truleg at erfarne sjømenn ville ha gjort ein slik feil. På den tida kunne ordet "rio" både tyde ei elv eller andre store områder med vatn. Kort tid etter oppdaginga vart området tatt i bruk av européarar med ymse formål. Då Magellan kom til området i 1519 for å hente forsyningar, oppdaga han at franske smuglarar brukte bukta for å smugle ut brasiltre. I 1555 kom den franske offiseren Nicolas Durand de Villegaignon til området med ein flåte på to skip og 600 soldatar og nybyggjarar, for å danne den første permanente europeiske busetjinga i området. Kolonien fekk namnet "France Antarctique", og var sett saman hovudsakleg av franske hugenottar og sveitsiske kalvinistar. I 1557 forlot Villegaignon kolonien på grunn av usemjer med enkelte av nybyggjarane. Sjølve byen vart grunnlagd den 1. mars 1565 av den portugisiske riddaren Estácio de Sá, som gav den namnet São Sebastião do Rio de Janeiro (Sankt Sebastian av Januarfloden), for å hedre kong Sebastião I av Portugal. Busetjinga vart kalla São Sebastião i fleire hundreår, før den andre halvdelen av namnet vart brukt. Byen vart grunnlagd som ein base for å førebu ein invasjon av den franske busetjinga, noko som vart gjort i 1567. Byen vart ofte åtaka av piratar, spesielt frå land som var fiendar av Portugal, til dømes Nederland og Frankrike.
Cristo Redentor, the famous Christ the Redeemer statue at the top of the Corcovado mountain
Rio vart grunnlagd ved foten av Sukkertoppen, og seinare flytta innanfor eit festningsverk på ein høgde, i tradisjon med europeisk forsvarstaktikk, eit område som fekk namnet Morro do Castelo (slottshøgda). Byen utvikla seg frå dagens sentrum, først mot sør og så mot vest. Denne byutviklinga held fram i dag. Fil:Brazil Lagoa.jpg
Lagoa, with Corcovado in the background
På slutten av 1500-talet byrja det portugisiske kongehuset å sjå på byen som eit strategisk punkt for transporten på Atlanterhavet mellom Brasil, dei afrikanske koloniane og Europa. Det vart bygd fleire festningar, og det vart inngått avtalar med urfolksstammene i området for å verne busetjinga mot inntrengjarar. Nabobyen Niterói var grunnlagd av høvdingen Ararabóia i Tamoio-stammen. Den første næringa i området var sukkerrøyr, og som arbeidskraft brukde portugisarane først urfolk, så afrikanske slavar. Næringa veks hurtig sidan sukker av betre kvalitet frå nord-Brasil vart meir tilgjengeleg. Fram til tidleg på 1700-talet vart byen truga eller invadert av piratar og buccaneerar, slik som Jean-François Duclerc og René Duguay-Trouin. Då portugisarane fann gull og diamantar i nabokapitaniet Minas Gerias, vart Rio de Janeiro ei meir nyttig eksporthavn enn Salvador, hovudstaden i Bahia, som ligg mykje lenger nord. I 1763 vart koloniadministrasjonen i Portugisisk Amerika flytta til Rio. Byen var i hovudsak ein kolonihovudstad fram til 1808, då den portugisiske kongefamilien og størstedelen av adelen i Lisboa flytta til Rio de Janeiro for å flykte frå Napoleon si invasjon av Portugal. Hovudstaden i kongedømet var flytta til Rio, som dermed vart den einaste europeiske hovudstaden utanfor Europa. Sidan det ikkje var plass eller infrastruktur nok til å huse alle dei hundrevis av adelsfolk som plutseleg flytta til byen, vart mange av innbyggjarane heilt enkelt kasta ut frå heimane sine. Då Prins Pedro I erklærte Brasil uavhengig av Portugal i 1822, bestemte han at Rio de Janeiro skulle vere hovudstaden i det nye imperiet. Byen haldt liikevel på å miste økonomisk og politisk betydning i høve til São Paulo. Etter at monarkiet vart erstatta med republikk i 1889, heldt Rio de Janeiro fram med å vere hovudstad.
Copacabana Palace Hotel at Copacabana beach. One of the best known and most luxurious hotels in Rio, it was built in the 1920s
Fram til byrjinga av 1900-talet var byen avgrensa til området som no er kjent som det historiske forretningsdistriktet i munninga av Guanabara-bukta. Etterkvart byrja bysenteret å flytte seg mot sør og vest, til det såkalla Zona Sul (sørsonen), då den første tunnelen vart bygd under fjella mellom Botafogo og bydelen som no er kjend som Copacabana. Den vakre stranda, i tillegg til det berømte Copacabana Palace Hotel, gjorde at Rio fekk vart kjend som ein festby for strandløver, eit ry som har halde seg fram til i dag, tross den aukande volden i favelaene og narkotikahandelen. Det hadde vore debattert fleire gonger å flytte hovudstaden til midten av landet, og då Juscelino Kubitschek vart vald som president i 1955, var det basert på løftet om å byggje ein ny hovudstad. Til tross for at mange avfeide det som tomme valløfter, greidde Kubitschek å få bygd Brasília innan 1960. Den 21. april det året vart hovudstaden offisielt flytta frå Rio de Janeiro til Brasília. Mellom 1960 og 1975 var Rio ein bystat, slik som Wien, Hamburg eller Washington D.C. med namnet Staten Guanabara. Det vart gitt ut eit presidentdekret i 1975, av administrative og politiske grunnar, som fjerna byens føderale status og innlemma den i delstaten Rio de Janeiro. Framleis er det mange cariocas som ønskjer at Rio skal få denne statusen attende. [endre] Bydelar
The Municipal Theatre, originally an opera house in a classic European style, built in the beginning of the 20th century in the centre of Rio
Byen vert som regel delt inn følgjande delar: Centro (sentrum), den meir turistvenlege Zona Sul (sørsona), der ein finn dei berømte strendene; Zona Norte (nordsona), som er prega av industri; og Zona Oeste (vestsona), der ein finn det nyare Barra da Tijuca-området [endre] SentrumCentro (sentrum) er byen sitt historiske og finansielle sentrum. Av attraksjonar kan nemnast det såkalla 'Paço Imperial', som vart bygd for å huse dei portugisiske guvernørane av Brasil, fleire historiske kyrkjer, slik som Candelária, teateret Teatro Municiapl og fleire museum. Næringslivet i byen er sentrert i Centro. O Bondinho(ein berømt trikk) har avgangar frå ein stasjon i Centro, køyrer over 'Arco da Lapa', ein akvedukt i romersk stil frå 1750, som vart gjort om til trikkeveg i 1896, og køyrer ruta si gjennom det kuperte landskapet i Santa Teresa-området like ved. Fleire av dei største brasilianske selskapa har hovudkvarter her, slik som Petrobrás og CVRD, som er dei to største bedriftene i landet. [endre] Zona Sul
Utsikt over Ipanema frå Corcovado. Cagarras-øyene kan sjåast i bakgrrunnen, med Rodrigo de Freitas-sjøen i forgrunnen.
Den sørlege delen av Rio de Janeiro, Zona Sul, er sett saman av fleire distrikt, blant andre dei berømte kyst- og strandområda São Conrado, Leblon, Ipanema, Arpoador, Copacana og Leme. Andre område i bydelen er Botafogo, Flamengo og Urca, som grensar mot Guanabara og Lagoa, Gávea, Jardim Botânico og Laranjeiras. Nord for Leme, mot Guanabara-bukta, ligg distriktet Urca og Sukkertoppen.
Ipanema-stranda i Zona Sul, slik den vert skildra i songen The Girl from Ipanema av Tom Jobim og Vinicius de Morais. Dois irmãos belvedere kan sjåast i bakgrunnen.
Ein kan kome opp Sukkertoppen med ei taubane frå Praia Vermelha, med ein mellomstopp på Morro da Urca. Utsikta frå Sukkertoppen er ein av byens viktige turistattraksjonar. Tijuca-skogen ("Floresta da Tijuca") er det største urbane skogsområdet i verda, og har vore nasjonalpark sidan 1961. [endre] Zona NorteNordsona i Rio har fleire kjende landemerker, slik som Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største i sitt slag, og med ein kapasitet på omtrent 180,000 menneske. Den internasjonale flyplassen i Rio, Galeão - António Carlos Jobim Aeroporto Internacional ligg óg i nordsona. Dei viktigaste bydelane i Zona Norte er blant andre Tijuca, Grajaú, Vila Isabel, Méier og São Cristóvão.
|