VerktøyPå andre språk |
LjoreEin ljore er ei lysopning i taket på gamle hus. Ljoren kan òg fungere som røykopning over eldstaden i ei årestue. Etymologisk har ordet samanheng med ordet ljos eller lys. For å halde varmen inne og regn ute, kan ein dekke ljoren med ein skjå. Ljoren vart avløyst av vindauge og skorstein, og hus med ljore er i dag sjeldne.
|