VerktøyPå andre språk
|
Kyrkje
Ei kyrkje er eit vigsla sakralbygg for kristne gudstenester, bøn og andre rituelle handlingar. Ordet kyrkje kjem opphavleg frå gresk kyriakon (κυριακον), '[huset] åt Herren'. Men ordet kan òg vera ei omsetjing av ekklesia (ἐκκλησία), 'folkesamling'. Dermed kan kyrkje både visa til huset kristne samlar seg i, og til sjølve kyrkjelyden. Med ordet kyrkje meinest i Lov av 7. juni 1996 nr 31 om Den norske kirke, § 31, soknekyrkje eller kapell som er godkjent av Kongen eller departmentet, eller som har vore kyrkje frå gammalt av. Det skal vere kyrkje i kvart sokn. Kyrkjene er soknet sin eigedom, om ikkje anna følgjer av særskild rettsgrunnlag. Desse kyrkjene vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd. Det er eit kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune.
Interiør av Sjögestadkyrkan i Linköping i Sverige. Vi ser preikestolen ved venstre vegg og altertavla inst i kyrkjerommet. (Foto: Håkan Svensson, 24. desember 2004.)
Fil:Zambian Church by spooceman.jpg
Landsbykyrkje i Zambia. (Foto: «Spooceman»)
[endre] Sjå òg |