VerktøyPå andre språk
|
Harry Potter and the Philosopher's Stone{{Harry Potter og de vises stein}} Harry Potter and the Philosopher's Stone er originaltittelen på den første boka i trolldomsserien om Harry Potter, skriven av J.K. Rowling, som kom ut i 1997. På norsk heiter boka Harry Potter og De vises stein og kom ut i 1999. Oversetteren var Torstein Bugge Høverstad. Tittelen er òg brukt om filmatiseringa og videospelet basert på boka. [endre] Handling
Harry blir henta frå familien Dursley av Hagrid (Gygrid), som jobbar på Hogwarts, og han fortel Harry om bakgrunnen hans. Naturlegvis blir det eit sjokk for Harry å få vite at han er magisk, men samtidig er det nok minst like uvant at han i trollmannsverda er ein helt, kjent under namnet Guten som overlevde. Harry har nemleg hatt ein veldig lite hyggeleg oppvekst hos familien Dursley, blant anna har han budd i eit kott under trappa. Allereie på ferda til Hogwarts, med toget Hogwarts-ekspressen frå London, stiftar Harry kjennskap med mange av medelevane sine. Han blir raskt venn med Ronny Weasley (Wiltersen) som kjem frå ein trollmannsfamilie. På skulen blir han etter ein tid òg venn med Hermione Granger, som er den flinkaste jenta på trinnet og som kjem frå ein såkalt mugglefamilie (gompefamilie), altså ein familie som ikkje er hekser eller trollmenn. Alle tre høyrer til huset Griffindor på skulen. I tillegg skaffar Harry seg ein ekte erkefiende, Draco Malfoy, som høyrer til huset Slitherin (Smygard). Rektoren på skulen er ein karismatisk, eldre herre ved namn Albus Dumbledore (Humlesnurr), som også blir rekna for å vere den største nolevande trollmannen i verda. Snart har Harry funne seg til rette i det nye livet sitt, og det er då dei verkelege eventyra kan byrje. Harry og vennene hans får raskt greie på at ein strengt vakta gjenstand er plassert på skulen, og dei mistenkjer eliksirlæraren, Severus Snape, for å vere ute etter han. Gjenstanden viser seg å vere Dei vises stein. Til slutt i boka må Harry, Ronny og Hermione ta seg gjennom alle hindringane som er satt opp for å verne Steinen mot skurkar, og Harry avslører kven som er skurken, det er nemleg Voldemort som har kome tilbake i redusert utgåve (han sit fast i bakhovudet til ein lærer, som ikkje er Snape, men professor Quirrel (Krengle)). Harry må redde både Steinen og seg sjølv. Boka sluttar omtrent samtidig med skoleåret slutt, og Harry tar toget tilbake til familien Dursley. Handlinga er lagt til skoleåret 1991/1992. |