Verktøy |
Gråtrost
Gråtrost eller gråtrast (Turdus pilaris) er ein fugl i trostefamilien. Han blir òg kalla skjetatrast i somme målføre. Arten finst i Europa og Sibir.
[endre] UtsjånadGråtrosten har gyldent bryst med svarte flekkar. Hovudet og nakken er grå. Hoa og hannen er like. Nebbet er grågult. [endre] LevemåteFuglen lever av meitemark, insekt, edderkoppar og plantedelar. Om hausten et han mykje bær. Gråtrosten overvintrar i Vest-Europa. Når det er rikeleg med bær, kan mange overvintra i Noreg. [endre] HekkingGråtrosten hekkar ofte i koloniar med opptil 40-50 par. Reiret vert som regel plassert i eit tre. I låglandet legg hoa vanlegvis 5-6 egg i byrjinga i mai. Desse vert ruga i ca. 13 dagar og ungane vert flygedyktige etter to veker. [endre] Bakgrunnsstoff |