VerktøyPå andre språk
|
Den internasjonale romstasjonen
Den første modulen til romstasjonen, kalla Zarya, vart skoten opp i 1998. Romstasjonen, som enno ikkje er ferdigbygd, har vore bemanna sidan 2. november 2000. 16 land deltek i byggeprosjektet som er verdas største vitskaplege samarbeidsprosjekt nokosinne. Når stasjonen er ferdigbygd skal han kunne romme eit mannskap på 7, mot maks 3 i dag.
[endre] HistorieDå romferjeprogrammet vart fullført ved byrjinga av 80-talet, annonserte den amerikanske presidenten Ronald Reagan ein plan om å byggje ein permanent bemanna romstasjon. Denne planlagde romstasjonen fekk namnet Freedom. Den amerikanske organisasjonen NASA sette straks i gong undersøkingar om kva ein kunne nytte ein slik stasjon til. Ein såg for seg stasjonen blant anna som ein verkstad for øydelagde satelittar, som observasjonspost for astronomar og som eit laboratorium både for forskarar og betalande bedrifter, samt mykje anna. NASA feilberekna kor mykje romstasjonen ville koste, og etter mange budsjettkutt med tilsvarande nedskjeringar i kva oppgåver ein kunne nytte Freedom til, vart kongressen i 1993 trøytt av å løyve pengar til prosjektet. Då Sovjetunion vart oppløyst i 1991, var det politiske landskapet og annleis enn før. Romkappløpet mellom dei to supermaktene var slutt, og dåverande president Bill Clinton kunne kunngjera at romstasjonen Freedom vart endra til Den internasjonale romstasjonen, eit samarbeidsprosjekt på tvers av landegrenser. Den første modulen som vart skoten opp, var modulen Zarya. Modulen vart skote opp den 20. november 1998. Zarya leverer oksygen, straum, vatn samt står for kommunikasjon med jorda. Sjølv om Zarya berre var konstruert for å fly opp til 6-8 månader åleine, tok det nesten to år før service modulen Zvevda kunne skytast opp og kopla seg til den 26. juli 2000. I mellomtida hadde amerikanarane skote opp modulen Unity, den første av tre tilkoplingspunkt mellom dei ulike modulane av romstasjonen. Med dei tre modulane Zvevda, Unity og Zarya tilkopla, kunne den første ekspedisjonen gå inn i romstasjonen den 2. november 2000. [endre] Noverande statusDen internasjonale romstatsjonen er det romfarøyet som er blitt vitja av flest folk i romfartshistorien (159 vitjingar av 124 ulike personar fram til 11. september 2006). Bygginga av den internasjonale romstasjonen har til no vorte dyrare enn kva ein tidlegare hadde rekna med. Prosjektet er og forseinka etter at Columbia-ulykka førte til at NASA måtte innstille alle planlagde turer med romferjene. Medan alle dei amerikanske romferjene vart satt på bakken, måtte mannskapbytte skje med det russiske romfartøyet Soyuz. Ein utsatte den vidare konstruksjonen av romstasjonen, og reduserte forsøka som vart gjort ombord stasjonen, ettersom ein måtte kutte ned på mannskapet ombord frå tre til berre to personar så lenge ein ikkje kunne nytte ferjene. Då ein starta opp att romferjeprogrammet, vart mannskapet på den Internasjonale romstasjonen oppjustert til 3 igjen. Det skjedde då den tyske ESA-astronauten Thomas Reiter kunne slutte seg til ekspedisjon 13 frå romferja Discovery. Pr, Oktober 2006 har det vore 14 ekspedisjonar til den internasjonale romstasjonen for å utføre diverse eksperiment, medan ein framleis held på med arbeidet for å ferdiggjera romstasjonen. Ein reknar med at romstasjonen ikkje er ferdig før tidlegast 2010. Det er då planlagd at NASA skal pensjonere sine fem resterande romferjer for eit nytt transportsystem.
[endre] TriviaAmerikanararen Dennis Tito vart den første betalande romturisten då han betalte 20 millionar dollar for å komme ombord eit russisk romfartøy til Den internasjonale romstasjonen. Den 10. august 2003 var romstasjonen og åstad for det første giftarmålet ute i rommet då den russiske kosmonauten Yuri Malenchenko gifta seg med Ekaterina Dmitrieva som under viinga var til stades i Texas. [endre] EkspedisjonarAlle permanente stasjonsmannskapa får namnet "Expidition N", der N er eit nummer som vert auka med ein for kvar ekspedisjon. Ekspedisjonane har ei gjennomsnittslengd på opphaldet på eit halvt år. Korttidsvitjarar og romturistar vert ikkje talde med som ekspedisjonsmedlemar. [endre] Sjå og[endre] Bakgrunnsstoff
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||