Verktøy |
Chartres
Chartres er by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonssenter) i departementet Eure-et-Loir i regionen Centre, og har om lag 40 000 innbyggjarar. [endre] GeografiChartres er bygd ved den venstre breidda til elva Eure på ein liten ås med den vidkjende domkyrkja. Spiret på kyrkja er eit landemerke for dei omliggande områda. I søraust strekk den frodige sletta seg i Beauce, «matlageret i Frankrike», der byen er det kommersielt senteret. [endre] HistorieChartres var ein av dei viktigaste byane i Carnutes, og vart av romarane kalla Autricum av elva Autura (Eure), og seinare civitas Carnutum. Han vart brend ned av normannarar i 858, og omleira av dei i 911 utan hell. I mellomalderen vart byen den viktigsate i Beauce, og gav namnet til eit grevskap, som vart halde av grevane av Blois og Champagne, og så av huset Chatillon. Eit medlem av dette huset selde byen i 1286 til krona. Frans I gjorde byen til hertugdøme i 1528. Etter regjeringstida til Louis XIV gjekk tittelen hertug av Chartres i arv hos familien av Orleans. I 1417 vart byen erobra av England, men kom tilbake til Frankrike igjen i 1432. Under Hugenottkrigen vart byen i 1568 fleire gonger åttaka av protestantar utan at dei klarte å ta han. I 1591 vart byen tatt av Henry IV, som vart krona her tre år seinare. I den fransk-prøyssiske krigen vart byen omleira av tyskarane den 2. oktober 1870, og var under resten av krigen eit viktig operasjonssenter. Byen vart hardt råka av bomber under den andre verdskrigen. [endre] Bakgrunnsstoff |
|||||||||||||||||||||||||