Verktøy |
Batumi
Batumi (georgisk ბათუმი, tidlegare kalla Batum eller Batoum) er ein kystby ved Svartehavet og hovudstad i Adsjaria, ein autonom republikk sørvest i Georgia. Han har om lag 120 000 innbyggjarar. Batum er med den store hamna si eit kommersielt senter og siste stopp på den transkaukasiske jernbanen og røyrleidningen Baku-Tbilisi-Ceyhan. Han ligg 20 km nord for den tyrkiske grensa og har eit subtropisk klima med mange sitrus- og teplantasjar. Av industri i byen finn ein oljeraffineri, skipsverft, levnetmiddelindustri og lett industri. [endre] HistorieBatumi ligg på same stad som den tidlegare greske kolonien Batis. Dei første moderne kjeldene nemner at det vart bygd festningsverk i byen på 1000-talet. Området var då under georgisk kontroll fram til 1500-talet då det vart avstått til Det osmanske riket. I 1878 vart byen avstått til Russland etter San Stefanotraktaten. Etter tsarens fall rykka først tyrkiske styrkar inn i byen i april 1918, fulgt av britiske styrkar i desember same år. Dei britiske styrkane okkuperte Batumi fram til juli 1920. [endre] KlimaKlimaet i Batumi er subtropisk, og det veks palmer, sitron- og appelsintre i byen. Middeltemperaturen i Batumi er 14 ºC. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på 6 ºC. Juli og august er den varmaste tida med ein middeltemperatur på 22 ºC. Det kaldaste som er målt her er -7 ºC, og det varmaste er 40 ºC. Den normale årsnedbøren er om lag 2nbsp;500 mm, der januar er våtast og mai tørrast.
[endre] Bakgrunsstoff
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||